Palais de Tokyo opna si sesongutstilling forrige veke. Den norske kunstnaren Lars Morell er bland dei utvalde og det illusjonistiske står stadig i fokus i hans prosjekt. KUNSTforum var tilstades under vernissasjen den 25. februar, ein vernissasje som vart besøkt av 9400 menneske.
Sesongutstillinga har tittelen Soleil Froid (Kald Sol) og i utstillings-katalogen seiest det at tilskodaren inviteres til «ei utforsking av den merkelege verda si overflate, ei verd der ikkje noko reelt bør kome inn». Inspirasjonen hentes hjå filosofen Michel Foucault, i boka hans Raymond Roussel (1992), der sola er ei sol som «ikkje rører seg, er likt fordelt over alle ting, stilt for alltid over kvar enkelt av desse tinga», og som kastar ljos over ei verd der «alt er ljos, men ingenting fortel om dagen. Der det verken finnest time eller skygge».
Utstillinga til Lars Morell vrimlar av folk. Dei er opne, nyfikne og glade, og stiller mange spørsmål til Morell, som han med glede svarar på. Han ser lykkeleg ut, der han peikar på detaljar i bildene og viftar forklarande med armane. Han minglar frå folk til folk, deler varmt av seg sjølv og av kunsten sin, og hoppar lett frå fransk til engelsk, så til norsk, for så å vende tilbake til fransk igjen. Han har mange gode historiar på lur, samt ei flaske norsk akevitt til kuratoren sin.
Morell har ikkje tid til å ta noko intervju der og då, for han må ta seg av alt besøkjet, men han pratar lett innimellom minglinga og gjev meg ein god klem. Noko som er ganske uvanleg her, då alle nordmenn som bur i Paris nyttar franske kyss på kinna for å ta farvel, sjølv nordmenn imellom. Og han tek seg tid til å svare på mail-intervjuet i mellom alle sine avtalar med fransk presse, galleri, kuratorar og nye kundar som gjerne vil ta ein kikk på arbeidet hans.
Illusjonistar og magiske kaninar
Morell forteljer at utstillinga inkluderar arbeider frå to serier som i samanhengen trekkjer parallellar til utstillingstittelen både idé og form. Utstillingstittelen, Porta’s Description er en referanse til den italienske fysikaren Giambattista della Porta sitt essay «Korleis sjå i eit rom ting som ikkje er der» (Magia Naturalis, 1558). Han forklarar om bakgrunnen for tittelen og utstillingen:
– I skildringa si forklarar Giambattista della Porta korleis ein kan lage ein illusjon som seinare har blitt kalla «Peppers Ghost». Då han publiserte teksten vakte dette stor oppsikt. I magiske kretsar er dette inga lojal gest, då skildringa til Porta avslørte dette trikset, som dermed gjorde mange «Peppers Ghost» illusjonistar arbeidslause. Men ei oppskrift for å kunne sjå ting som ikkje er der er eit interessant utgongspunkt for ei utstilling.
Ved første augekast ser bildene hans ut som ljose flater med grønskjær i, ei tom overflate med denne skinnande, kvit-grøne fargen, som ein i ettertid kjenner at er med på å skape den mystiske, litt skumle stemninga. Ein oppdagar etterkvart plakat-teikningar av tryllekunst-show og illusjonistar, for seinare å leggje merke til ein spegelsvendt engelsk tekst, som skal trekkje lesaren inn i magi-førestillinga.
– Sjølv om alle bildene har ulike historiar har eg delt dei inn i to ulike kategoriar, der fem bilder har svevande motiv og to av dei har kaninmotiv, forklarar Morell.
Og ideen til utstillinga fekk han etter ein tur i teateret:
– Eg la merke til baksida av plakaten på vindauga, i skinn av ljoset frå ei gatelykt. Det var såvidt ein kunne skimte motivet gjennom baksida av arket, som eit spegelvendt spøkelsesbilde.
I utstillinga er det også ein magisk kanin-skulptur, som er sentral.
– Skulpturen inngår i ei serie bronseskulpturar som eg har kalla Silent Codes, og den er inspirert av illusjonen om at noko blir gøymt under ein duk for deretter å forsvinne. Den franske illusjonisten Bautier de Kolta var ein av dei første som utførte dette trikset. Min vri på dette er at forma på det som var framleis er der, medan bordet og figuren er borte. Valet av bronsen som material er eit resultat av at eg såg Auguste Rodin sine skulpturar då eg budde i Paris i fjor.
Støtte frå fleire hald
No har utstillinga opna og Morell er strålande fornøgd:
– Vernissasjen gjekk veldig fint, museet hadde ‘preview’ dagen før, og eg fekk gode tilbakemeldingar allereie då. Det var gøy at så mange kom.
Han forteljer at mottakelsen i Frankrike er god:
– Eg har samarbeida med fleire franske kuratorar sidan 2008, og no byrjar også galleria å vise interesse. Det kjennest bra å etablere eit nettverk og marked her i Frankrike.
Tilstades under vernissasjen var også Rune Bjåstad, Ministerråd for kultur og kommunikasjon ved den norske ambassaden i Paris, og han uttrykte stor begeistring for Morells kunst.
– Eg vil seie Lars Morells utstilling er fortryllande! Han har laga bilete som er spøkelsesaktigt vakre og mystiske. Måten bilda er skåre til på i kantane gjev dei eit røft preg, samtidig som det er organiske og vakre linjer. Finishen er nydeleg. Det er ellers inga tvil om at dette er ein svært god sjangse for Lars Morell til å vise seg fram, då Palais de Tokyo er ein viktig visningsstad i Paris!
I Soleil Froid handlar det om å leggje bak seg det reelle for å gå inn i fantasien si verd. Ei verd der ein kan få auga opp for det som ikkje eksisterar. Bjåstad meinar Morells magiske kunst-univers passar perfekt:
– Tematikken i denne utstillingssesongen på Palais de Tokyo er heilt i tråd med det Lars Morell har klart å skape med bilda sine. Også i skulpturen finn ein igjen dette temaet, med ei kanin me anar konturane av, under ein magisk duk som heng i lause lufta, der bordet me tenkjer oss kanina sit på ikkje finst.
Lars Morell si utstilling har fått støtte frå OCA (Office for Contemporary Art Norway) og frå den norske ambassaden i Paris. Og Bjåstad forteljer at de allereie har fulgt Morell ei stund:
– Ambassaden har følgd med på Lars Morell i nokre år allereie. Han har hatt fleire mindre utstillingar i Paris. Vår rolle er å bidra til å skape merksemd rundt kunstnaren og styrkje kontaktnettet hans, invitere våre kontaktar og bistå med kommunikasjon rundt utstillinga og kunstnaren. Me har også gjeve litt økonomisk støtte til Palais de Tokyo, etter søknad derifrå, som både me og andre ambassadar og kultursentre ofte gjer ved slike høve.
Illusjonar
Ved sida av Lars Morell står ein elegant, entusiastisk mann. Det er Marc Bembekoff, som er Morells kurator for utstillinga. Bembekoff har ikkje tid til noko intervju, han må ta seg av dei utstillings-besøkjande, og det på tre ulike stadar av utstillinga då han er kurator for tre av kunstnarane på sesongutstillinga. Han seier at kurator-jobben er ein fin form for trim, og trekkjer på smilebåndet. Men han tek gjerne eit intervju over mail. Han svarar raskt, utstråler venleik og kunstnerisk innsikt, der han gjev svar som går djupt innover i Lars Morell si kunstneriske verd.
– Utstillinga til Morell er ein del av sesongutstillinga Soleil Froid samtidig som den også inngår i programmet til Modules Fondation Pierre Bergé – Yves Saint Laurent. Det er viktig for Palais de Tokyo å syne fram både anerkjende kunstnarar og nyare kunstnarar som ikkje har stild så mykje ut i Frankrike og i Paris, forklarar han.
I likskap med ambassaden har også Bembekoff følgd med på Morell ei stund:
– Eg har følgd Lars i over eitt år no og besøkte han for første gong i atelieet sitt då han hadde fått opphald på Cité Internationale des Arts i Paris. For så å treffe han igjen ved ulike høve. Eg syntest at det kunstneriske språket han utviklar skapte ein perfekt gjenklang til dei andre utstillingane i Soleil Froid, og var som eit nytt spor ein kunne forske ut.
Utstillinga utforskar ei imaginær, ljos og overraskande verd, som lett rørar både betraktar og kurator. Bembekoff framhalder Morell sin framgangsmåte:
– Morell sin måte å gå fram på interesserar meg spesielt fordi han klarar å iscenesetje prinsippa av ei form for illusjon. Ei illusjon som verkar fundamental når ein ser på overfloden av bilder og teikn som me til dagleg omgjev oss med. Er det som me ser sant eller handlar det om ein oppkonstruert illusjon?
Bembekoff fortsettar:
– Det er til dømes tilfelle når det gjeld film, og det ikkje utan grunn at Morell interesserar seg i tryllekunstnarar frå slutten av 1800-talet. Georges Méliès, td., utvikla si filmskaping då han kjøpte Robert Houdins magiske teater. Denne tida var også moderniteten si vogge, og nærare bestemt abstraksjonen si tid, men det var også tida for dei tekniske oppdagingane som kunne tjene dei esoteriske fantasiane, som kun var forståeleg for dei innvidde. Som når filmen og fotografiet vart nytta av spiritistiske medium eller av ektoplasma spøkelser. Ved å sprøyte inn ein del magi, og ved å referere til denne myldrande historia, klarar Morell å skape installasjonar og verk der illusjonen stimulerar auga og sjela til tilskodaren, avsluttar han.
Slik sett kan Lars Morell sjåast på som Julio Le Parc sitt kunstnersiske barn. Julio Le Parc (f. 1928), med sitt kunstneriske engasjement og sine store visjonar, har vore til stor inspirasjon for den nye generasjonen med kunstarar i samtida vår. Og hans kunstverk med sperrer, bølgjer og lyskjegler, som kan vekkje til live noko spøkelseaktig : « ei immateriel væren som flyt der, nokre centimeter over verket, eller av og til bak verket, i ei verd ein kan gå inn i » vekkjer gjenklang til eit av Morell sine verk.
På eit av bileta i serien Ink on Paper kan ein sjå eit negativt, nostalgisk plakatbilde av eit tryllekunstnar-show der ein tryllekunstnar får ei kvinne til å lette i liggjande stilling Ho svevar rundt i lause lufta. I ei nærast usynleg, spegelvendt skrift kan ein her lese :
« SHE FLOATES ALL OVER
THE STAGE AND INTO THE
AUDIENCE, THEN VANISHES
LIKE A FADING CLOUD ».
Porta’s Description, 2013 Saison 1, Palais de Tokyo, 27/2 – 4/4
Interessant i lys av kvantefysikk og dualistisk forståelse. En utstilling som er om fremtiden. Gratulerer med utstillingen Lars Morell.