
HAiKw/ Toril Johannessen, “Unlearning Interpretations” Foto: Nii Odezenma
Som den oppmerksame lesaren vil ha dedusert ut frå det splitter nye avsnittet i Håkon Holm Olsens spenningsteikneserieføljetong, har Kunstforum no ikledd seg eit flunkande nytt format. Kjære lesar, møt Anette L’orange (a.k.a Blunderbuss), Kunstforum sin nye designar. I høvet ny layout, nytt format, ny design, har vi via denne første utgåva av det nye Kunstforum til grenselandet mellom dei to omgrepa kunst og design.
Vi har vald ei vid omgrepsforståing i samband med denne undersøkinga. I The Shape of Time (1962) føreslo kunsthistorikar George Kubler ei utviding av kunstomgrepet til å omfatte alle (attråverdige, slik alle ting som blir laga på ein eller annan måte er) menneskelaga gjenstandar, for slik betre å kunne forstå mennesket si utvikling. Bruno Munari, forfattar av Design As Art (1966), beskreiv designa- ren som «a planner with an aesthetic sense» – og i dette magasinet vil ein få høyre at designarar i dag lyt forme alskens formar for brukaroppleving – frå smartphone-appar til valdtektsmottak.
Munari ser vidare ut til å synest at kunst – utan praktisk verdi – er noko fjas. I kontrast tar Carl Abrahamsson i denne utgåva av Kunstforum den ubrukelege kunsten i forsvar. Mogelegvis gjer han rett i å omtale sitt eige synspunkt som anakronistisk, men han har uansett eit poeng – som omhandlar viktigheita ved eit kreativt rom der ein ser innover i det undermedvitne for å uttrykke noko signifikant, framfor å vie heile vårt kollektive medvite utelukkande til «designifiserte», høgteknologiske forbruksgjenstandar.
På sidene som følgjer blir vi presentert for designarar som arbeider i samtidskunstutstillingskontekst, kunstnarar med designutdanningsbakgrunn, samarbeid mellom kunstnarar og designarar. Vi får innblikk i Gustav Nordenskiölds skulpturar, som har konnotasjonar til våpen og andre bruksgjenstandar. I andre tilfelle ligg fokus på det arkitektur- og inneromsorienterte, slik som hos Knut Henrik Henriksen, eller objekt som skal (alludere til å) berast av eller på kroppen, t.d. i samarbeidet mellom Toril Johannessen og motedesignarane i HAiKw/, og hos Tone Vigeland, som ambulerer mellom smykkekunst og installasjon. I ein annan ende av den lekamlege skalaen nn vi Lea Gulditte Hestelund, som har fokusert på utforming av kroppen i seg sjølv. Arven etter landskapsmålaren Peder Balke blir spora til langt inn i modernismen og Scandinavian Design-rørsla, og vi får kunnskap om likskapar den eklektiske dyreornamentikken i jernalder og vikingtid har til surrealisme, H. R. Gigers sci-fi-marerittvisjonar og psykonauten Terence McKennas maskinalvar.
Og apropos teikneseriar: I dette mediet, i konstant skvis mellom kunst, design og litteratur, er kunstnarbiografien ein tendens for tida. Les om det, og meire til, her.