Årets siste utgave har kommet fra trykken og i anledning legger vi ut redaktørens leder.

Siste utgave av KUNSTforum. Foto: Johnny Amundsrud
Alle vegar fører til rom, og i denne utgåva av Kunstfurom har vi kome til den dramatiske avslutninga – eller starten?! – av Håkon Holm Olsens sykliske science fiction-syklus Hilma: Agent i Tid og Rom.
I denne antroposofiske teikneserie-thrilleren på ni intense episodar, har vi vore med Agent Hilma til dimensjonskammeret i Rudolf Steiners topphemmelege base under Goetheanum i Sveits, vi var der då Hilma blei introdusert for sitt nye team, og vi har hjelpelaust vore vitne til at heltinna og hennar nye medhjelparar blei reform(at)ert til eit nytt kompakt og hendig format.
(Eg lyt her skyte inn at papirmagasinet, publikasjonen i fysisk format – til dømes den du glanar på no, med mindre du nyttar deg av tilgangen våre abonnentar har til magasinet i digitalt format – stadig har ein funksjon, sjølv i denne smarttelefonen og massedistraksjonen sin tidsalder. Eg vil postulere at vi menneske er betre eigna til å orientere oss i tekstar som finst mellom faktiske papirblad, enn på ein skjerm, der teksten manast fram framom ditt blikk gjennom abstraherte, monotone rørsler: rulling, stryking, klikking, tapping. Ein materiell trykksak, det vere seg eit blad, ei bok eller liknande, med tjukkleik, all slags merker og generelle taktile kvalitet, er (som) eit rom ein kan bli kjend med og navigere seg rundt i. Dessutan er ikkje innhaldet laga for å narre lesaren til å klikke på misvisande, villeiande, sensasjonelle overskrifter.)

SL Konst Citybanan Station Odenplan
David Svensson “Life Line”
Vidare har vi hjelpt Hilma med å finne vegen tilbake til dimensjonskammeret etter at ho ramla gjennom døra ut i rommet, og faktisk har ingen enno greidd oppgåvene i episode 5, trykt i Kunstforum nr. 2 2017 – dersom du trur du har funne svaret, send det på epost til redaktøren: rasmus.hungnes@kunstforum.as.
Vi har sett Hilma forsvinne inn – eller ut?! – i det kosmiske tomrommet, og vi var til stades då ho oppdaga Byen i Rommet, ein megastruktur av ein metropol som svever rundt i rommet lik ein planet – og no veit vi kva som går føre seg der.

DISNEYLAND. Foto: Carl Abrahamsson
Det har vore litt av ei reise. Men tørk tårene, min ven, for soga slynger seg rundt lik eit möbiusband og eventyret treng aldri å ta slutt. I neste utgåve får vi uansett vere med på starten på nye teikneseriepåfunn frå hr. Holm Olsen. Og når du omsider har lese deg fram til den andre sida av dette bladet, kjem du til å ha sett ordet «rom» bli brukt 228 gonger i forskjellige samanhengar – i tillegg til ymse variantar av relaterte omgrep som «museum», «galleri» et cetera – og vere klokare på teikneserieskaparen Moebius si kunstnariske kube, samanhengen mellom filosofen Michel Foucaults idé om heterotopia og det uavhengige visningsrommet for kunst, distinksjonen rum/rymd og kva den har å seie for Disneylands gjestar, visningsrommet si generelle utvikling gjennom dei siste cirka 2468 åra og eit kuriøst museum som kom ut på CD-ROM i 1995 – mellom anna.