Leder: “For å sitere Game of Thrones: Winter is coming”

Vi som ikkje jobbar i storpolitikken kan trass alt freiste å gjere vårt mikrokosmos til ein betre stad.

For å sitere Game of Thrones: Winter is coming, og vi har kome til nummeret om mørker. Når ein ser på nyheitsbiletet i dag, er det sanneleg nærliggande å miste vona og gi etter for eit apokalyptisk svartsyn. Men som kongane av Ergaland-Vargaland er inne på i denne blekka, speglar mikrokosmos makrokosmos – as above, so below osv. Og vi som ikkje jobbar i storpolitikken kan trass alt freiste å gjere vårt mikrokosmos til ein betre stad, t.d. ved å justere ideen om polaritet vi i vesten gjerne blir indoktrinert med. Når vi ser det vi sjølv ikkje vil bli sett som, har vi ofte ein tendens til å legge dei ideologiske beina på nakken, beine langt til sides, hive oss på barrikadane og kaste metaforisk ekskrement mot den andre sida som dei store apane vi er.

Ekstremisme avlar ekstremisme. Fordømming og avsky er på moten. Med fare for å virke så corny at du heller vil gjere det motsette: Ein kjem lenger med aksept og tilgiving, først av seg sjølv og sitt eige mørker – ein sjaman fortalte meg at for å lege andre, må ein først lege seg sjølv. For å sitere Alan Watts, som snakka om det kinesiske yin (mørker) og yang (ljos):

«In the metaphors of other cultures, light is at war with darkness, life with death, good with evil, and the positive with the negative, and thus an idealism to cultivate the former and be rid of the latter ourishes throughout much of the world. […] Idealists (in the moral sense of the word) regard the universe as different and separate from themselves – that is, as a system of external objects which needs to be subjugated. Taoists view the universe as the same as, or inseparable from, themselves so that Lao-tzu could say, “Without leaving my house, I know the whole universe.” […] Thus the art of life is not seen as holding to yang and banishing yin, but as keeping the two in balance, because there cannot be one without the other.»

Juhana Moisander. “HUKKA” 2017

Det er ikkje dermed sagt at ein skal sove. For å sitere Arnulf Øverland: Du må ikke sove! Men av og til må ein sove. Under Documenta 14 tilbydde prosjektrommet Kreuzberg Pavillon billig soveplass. Tiltaket var dels tenkt som motvekt til den veksande airbnb-trenden og dei auka leigeprisane som gjerne følgjer med, ved å gjere eit privat rom offentleg. Ravnsvart dokumentasjon av The Sleepover Project Space nst spreidd rundt i dette bladet. I essayet «Finsk noir», lærer vi at det greske ordet for svart er melas. Hormonet melatonin blir utsondra av pinealorganet, det tredje øyet, som Descartes meinte var sjela sitt sete. Lyset du blir utsett for påverkar kor mykje som blir utsondra, etter solnedgang, i mørkret, derav namnet. Dei av oss som er så plaga av sjeleleg mørker at vi ikkje får sove – sjølv om vi må – knaskar gjerne i oss kjemikalet i pilleform. For å sitere Game of Thrones: The night is dark and full of terrors.

Din kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Du kan bruke følgende HTML-koder: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*