Om kunst og humor

Olav Westphalen, vitsetegning, 2008

Kunstforum 2/2017, og i den anledning slipper vi lederen her.

Ein kan spørje seg kva ein så alvorsprega og humørlaus tekst som Eirik Storesunds avsløring av det okkult-esoteriske innhaldet i Thorbjørn Egners Folk og Røvere i Kardemomme by har å gjere i eit temanummer om humor i kunsten. Her syner norrønfilologen mellom anna korleis Kasper, Jesper og Jonatan korresponderer til arketypen «The Fool», eller narren – dette er jo ein regelrett reiseguide til transcendens, opplysing og frelse! Då er det på sin plass å minne lesaren på det Einar Guldvog Staalesen sa i P2 sitt filmprogram Mørkets Opplevelser ein del år tilbake, og eg parafraserer: Humor er noko av det alvorlegaste som finst.

«The bacillus of laughter is a bug difficult to isolate; once brought under the microscope, it will turn out to be a yeast-like, universal ferment, equally useful in making wine or vinegar, and raising bread», skreiv Arthur Koestler i The Act of Creation (1964), der han syner at kreative tiltak i alskens formar – humor, vitskap, kunst – er baserte på same impuls, eit møte, krasj og/eller syntese mellom tidlegare urelaterte tankemessige plan. Omgrepa kunst og vitskap har vore gjenstand for stor merksemd dei siste åra, og kunst blir oftare enn ikkje omtalt som ein svært alvorsprega affære. Så lat oss freiste å ta koplinga mellom komikk og kunst på alvor.

Humor er eit omfattande menneskeleg fenomen som kjem i mange formar, inkludert i kunsten – det vere seg i form av interne kunst-puns, bitande politisk satire, det kroppslege og abjekte, eller humørfylde avsløringar av absurde eksistensielle sanningar. I eit symposium arrangert over kokosbollar og potetgull i fornemme omgjevnader på Frogner under arbeidet med dette nummeret av Kunstforum, kom eit panel av humororienterte kunstekspertar til følgjande konklusjon: Det er meir krevjande å kome på eit kunstnarskap som er blotta for humor enn eit som har eit tydeleg element av det komiske – kan hende særleg etter at Duchamp presenterte eit pissoar som kunstobjekt, kledde seg i dameklær under ordspelpseudonymet Rrose Sélavy og teikna bart på Mona Lisa. Det let seg dermed ikkje gjere å ta for seg alle formar for kunstnarisk humor i eit enkelt nummer av Kunstforum, så vi kastar her søkelys på eit utval kunstverk og kunstnarar som meir eller mindre eksplisitt relaterer seg til den enormt seriøse vittigheita.

Ein av desse er Olav Westphalen, som i samtale med Magnus Bons uttalar: «Kunst har alltid vært litt som en hoffnarr, den som slipper unna med å tolke reglene annerledes.» Og for å sitere How to Stop Living and Start Worrying (2010), der filosofen Simon Cricthtley siterer Trevor Griffiths’ skodespel Comedians (1975): «[…] a true joke […] has to do more than release tension, it has to liberate the will and the desire, it has to change the situation.» Og er det ikkje òg nettopp dette som gjer kunst til ein så alvorleg affære?

Din kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Du kan bruke følgende HTML-koder: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*