Kunstforum 4/2016 handler om dyr og kunst. Bladet er nå ute, og i den anledning slipper vi lederen på nett.

Jean-Baptiste Oudry, Clara le Rhinoceros, 1749.
Dyr er søte. Særleg kattar. Det kjenst sjølvsagt litt feil å diskriminere på så generelt grunnlag, for vi er jo alle eineståande individ, men desse nusselege hårballane, som slikkar seg både her og der utan skjemsle og på elskeleg vis vekkjer deg frå nattesvevnen ved å setje kjærlege klør i føtene dine, er langt meir dårande enn til dømes ått eller bendelorm (sjølv om begge desse ofte høyrer med til det å dele hus med ein katt – for ikkje å snakke om den åtferdsendrande parasittismen toxoplasma gondii, som likar seg best i kattetarmar og difor fjernar frykta for kattepiss frå sin musevert og mogelegvis aukar faren for schizofreni hos verten dersom den tar bustad i eit eksemplar av homo sapiens).
Katten herskar (side om side med porno) over Internett, først og fremst i form av morosame videoklipp og lolcat macros (bilete med superponert LOL-ete poesi, oftast proklamert med skrifttypen Impact – lik den du kan nyte når dine augo meskar seg med KUNSTforums lyriske overskrifter). Denne frivole forma for såkalla lågverdig kunst er slett ikkje til å kimse av i seg sjølv, men dyr har spelt ei viktig rolle i mennesket sin visuelle kultur i minst 35000 år. Rundt den tida blei eit holemaleri av ein svinehjort påført ein holevegg i Pettakere i Indonesia, og våre fir- og fleirbeinte medjordbuarar har stadig vekk dukka opp som sentrale aktørar gjennom heile kunsthistoria og fram til i dag.
Med oss i redaksjonen denne gongen har vi katten Katten. Sidan ho er ein katt, hadde ho ikkje ork til å skrive fleire sakar enn ei side med brennheite populærkulturelle (an)befalingar. Men vi fekk òg tatt ein prat med Ina Neddermeyer, ein tysk kurator som i 2015 kuraterte utstillinga #catcontent. Prosjektet undersøkte korleis dyr blir brukt i kunsten i dag – og det er ikkje berre som passive objekt og motiv for bilete, men òg som aktive bidragsytarar i den kunstnariske prosessen.
Heiko Pfreundt kjem inn på ein liknande banehalvdel (om ein kan seie det slik) i sitt essay med tittel inspirert av Joseph Beuys si første soloutstilling How to Explain Pictures to a Dead Hare, der den hattekledde kunstnaren, som tittelen avslører, forklarte ein daud harepus korleis det har seg at kunsten er kunst – noko mang ein kunstbetraktar har spurt seg rett som det er. Passiviteten til den daude harepusen kan sjåast som eit bilete på måten mange prosjekt som omhandlar interaksjon – det vere mellom menneske og menneske (les: Tino Seghal) eller menneske og dyr – i museumssetting, som paradoksalt nok oftast ender i ei påtakeleg kjensle av framandgjering. Heldigvis augnar skribenten håp – og (spoiler alert) vona ser ut til å vere å finne i kombinasjonen av den kreative fridomen ein finn i det uavhengige prosjektrommet og den vellukka dyrehagen sine immersive biotopar. På dOCUMENTA (13) i 2012 kunne vi ikkje-hundeeigarar berre kaste lengtande blikk inn i Brian Jungens Dog Park, ein skulpturpark for hundar – her slapp menneske nemleg ikkje inn utan å ta med seg firbeinte vener. Eit anna verk frå same megautstilling som tok for seg dyr var Pierre Hyughes Untilled, ein utandørs installasjon som inkluderte både bier og ein hund med rosa bein. Magnus Bons fortel om både dette og Hyughes casting av ein ape i sitt essay «Å stille ut noen for noe.» Carl Abrahamsson klassifiserer kunstartar i kategoriar frå tamme kjæledyr til blodsugande vampyrar. Som illustrasjonar finn ein Sverre Mallings teikningar av insekt, og i eit portrettintervju fortel same Malling i detalj om sitt detaljerte moskus-verk, som til dels blei teikna for å behandle inntrykka etter å ha vore rettsteiknar i Anders Behring Breiviks rettssak. Ein annan kunstnar som blir intervjua, mellom anna om esoterisme og edderkoppar, er Orryelle Defenestrate-Bascule, medan Tom S. Kosmo fortel om sine allegoriske, surrealistiske dyreframstillingar. Vi har snakka med Benedicte Clementsen om kroppsspråk og kommunikasjon mellom menneske og dyr, medan Iselin Linstad Hauge gjer seg nokre betraktningar rundt kjøtet vi konsumerer si fortid som individ.
I reportasjen Om mus og menn intervjuar Martin Palmer ein forskar og fire kunstnarar om etiske problemstillingar knytt til bruk av dyr som matvare og kunstobjekt, og medan Ingvild Hammervoll fortel om rokokkoens merkelege kombinasjon av rasjonalisme og mytologi i kunstnarisk og vitskapeleg handsaming av eksotiske dyr, studerer Nicolai Strøm Olsen det norske dyremaleriet si kompakte, men hugtakande historie.
I eit galant hopp fram til dagens høgteknologiske medium, talar vi med det norske uavhengige spelstudioet D-Pad Studio om karakterdesign og spelmekanikk i deira blodferske dataspel Owlboy. Vi vonar at du, kjære lesar, vil kjenne deg litt meir lik ei ugle etter å ha lest dette bladet – klokare.