Med slagkraftig satire og skarpt blikk for samfunn og menneske i samtida har Oddvar Torsheim halde seg aktuell gjennom fem tiår.

Odd Torsheim, Måneflørt. Foto: Anne Viken
– «Måneflørt» var veldig vanskelig å lage. At ho rører på tåa er nok erotikk. Dei var veldig vanskelige å få til, disse tre hårstråa.
Oddvar Torsheim står med biletet Måneflørt i handa. Det viser ei strekkvinne på ei strand med baken til vers. I ansiktet har ho tre hårlokkar, og på baken sit. Biletet illustrerer ideen om ei vakker kvinne på stranda.
– Slik er dei fleste menn.
Torsheim held fram eit bilete av ei kvinne med ein mann med caps over hovudet. Tittelen er Mann med høgdeskrekk. Torsheim har alltid problematisert, og vore fascinert over, kvinnekroppen. Bileta hans illustrerer og tek samtidsproblem og dagsaktuelle politiske problemstillingar på kornet. Han har ein kvass kommenterande strek innpakka i humor. Den som ser, eller les, bileta, kan ofte tolke dei i sin eigen kontekst: som samfunnskritikk eller reinspikka satire.
Formfulle politiske kvinner
Laurdag 2. november opna utstillinga Hjarteleg velkomen, eit tilbakeblikk på Oddvar Torsheim sitt kunstnarskap, ved Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde. Same dag fylte kunstnaren, poeten og musikaren 75 år.
I forkant av opninga var arbeidet med å sette opp utstillinga i full gang, og Torsheim pendla mellom trykkeri, lager og kunstmuseum med bunkar av trykk og postkort. Avdelingsdirektør ved Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde, Morten Johan Svendsen, hadde sveitteperler på panna og høge stillas på plass for å henge opp bileta som er plassert tett i tett, som ein installasjon, og viser utviklinga i Torsheim sitt kunstnarskap. Høgt oppe i eit hjørne sit hindmannen og skodar utover heile Sunnfjord, som om Torsheim sjølv sit der oppe og ler.

Odd Torsheim, diverse avisskisser. Foto: Anne Viken
Store mengder teikningar frå Torsheim sin periode som avisteiknar i Dag og Tid skal sorterast for utstilling, og dei flyt utover. Det var som avisteiknar i Dag og Tid på åttitalet at Torsheim fekk sitt nasjonale gjennombrot.
Han teikna kvinner som slanka seg til beingrinder, sardin som lever av ureina hav. Åtti og nittitalet går av seg sjølv, Torsheim produserer og produserer. «Ein kvikk sylv-torsk», fylla på landsbygda og likestillingskamp. Han er i tida.
– På nittitalet dreier Torsheim mot sosiale og kulturelle forhold. Han fokuserer på at vi vert meir og meir hjelpelause, og veit ikkje korleis vi skal kommunisere, seier Svendsen.
– Eg klarer ikkje det tempoet lenger, seier Torsheim og tek seg til hovudet.
– Før kunne eg teikne og teikne fleire teikningar per dag. No klarer eg ei.
UFO-inspirasjonar
– Særleg sekstitalet er veldig interessant. Det var då Torsheim vart kunstnaren Torsheim. Først hadde han lært seg ein akademisk stil og laga folkelege humorteikningar, seier Svendsen.
Bilete som NATO-glimt, tips for rypejakt og marinesoldatar viser at Torsheim på denne tida var i marinen, nærmare bestemt som artillerist med ein kanon som ikkje verka. Han var ferdig med tre og eit halvt år ved Bergen Kunstskole, og hadde gått linje for reklameteikning. Det likte han ikkje.
Bileta skil seg frå den meir fargerike Torsheim dei seinare åra, men ein ting går att: kvinner.
Etter Bergen Kunstskole var Torsheim hospitant ved Akademiet for Skønne Kunster ved Charlottenberg Grafiske Skole i København. Her blei han i seks år, frå 1964 til 1970.
– Alt i 1965 ser vi at han har med seg kulturarven frå Norge, seier Svendsen.
Fleire bilete viser fuglar og sporvar, men ingen vanleg sporv. Dette er UFO-aktige saker som landar på jorda, og småsporvar som vandrar ut. Torsheim var inspirert av tidleg romfartshistorie, og drog inn tema som var oppe i tida. Då krisesentra seinare vart oppretta, laga han biletet Blåveispike i krisesentrum som viser ei kvinne med ein stor svart blome i auget, og titals piler haglande mot hovudet. Rundt halsen har ho ein stram snor med ein blome midt framme. Symbolikken er tydeleg. Vold rammar ikkje berre kroppen, den rammar heile menneske og bryte deg ned mentalt. Eller du kan tolke biletet på andre måtar. Mange tolkar Torsheim som humor, galgenhumor i dette tilfellet.
Sentral i Gruppe 66
I 1960-åra var Torsheim sentral i det radikale, eksperimenterande og samfunnsengasjerte kunstmiljøet i Bergen. Miljøet, som i ettertid har vorte kalla Bergensavantgarden, kulminerte i den kontroversielle utstillinga Gruppe 66 i 1966 der Torsheim deltok som grafikar og lyrikar. Han laga også plakaten for utstillinga. (Kjelde: Allkunne.no).
– Gruppa gjorde oppstand mot det konservative kunstsynet i Norge. Resultatet blei ein ny kunstpolitikk i Norge, fortel Svendsen.

Odd Torsheim, installasjonsfoto. Foto: Anne Viken
På slutten av sekstitalet heldt Torsheim til i København. Han beskriv det som ei fantastisk tid. I 1966 drog han til Mykonos i Hellas, og ei rekke bilete i utstillinga er laga der. Under opphaldet presiserte han sitt ikoniske arsenal, noko som også går att i den seinare kunsten.
– Han laga erotiske teikningar signert Picasso med strek over, og signert så med Torsheim. På denne måten plasserte han seg inn i verdskunsten. Han har forstått at han er veldig god til å teikne, seier Svendsen.
Kjønnsdrift og moral
På hovudet, brysta og genitalia har Torsheims kvinner ulike symbol henta frå dels den etablerte ikonografien, dels frå si eiga verd. Fleire bilete syner kvinner med dollarteikn, prisførespurnad eller genitalia med form som ein faun. I fleire år utforskar han kjønnsdrifta og moralen rundt prostitusjon og samliv. Han gir kvinna hønsehjerne, og viser kvar den kjem frå: mannens penis. Nokre skisser viser kvinner med mannens penis heilt oppe i hovudet.
– Det er mykje av Pan i mine figurar. Han var skogsguden som stod bak alle forføringar ute i skogen. Ein snill djevel som ler litt av alt saman, seier Torsheim.
– Casanova som rir på ein fallostransformasjon. I lufta rundt flyg spermiar som til slutt omdannar seg til fuglar.
Fuglane følgjer med inn i mange av dei seinare bileta, og kan sjåast som symbol på det maskuline elementet, ein omdanna spermie.
– Men dette er ikkje spekulative pornografiske funderingar. Teikningane funderer over livets sider, og han puttar fleire stader sitt eige sjølvportrett inn i biletet.

Odd Torsheim, Fullskap. Foto: Anne Viken
Kyr i EF-kamp
På slutten av sekstitalet skjer det ei endring i det kunstnariske uttrykket. Torsheim er framleis oppteken av det dualistiske og utforskar konfliktar i identitet. Skåpet Fullskap og biletet Norskmannen kjem til. Norskmannen viser ein mann i klem mellom vinmonopol og kyrkje. Flaska til venstre har pil ned med minus under, og kyrkja til høgre pil opp og pluss. Torsheim har kjent på same dilemmaet sjølv, oppvaksen i ein indremisjonsheim.
I 1971 dukkar det opp eit bilete med tittelen Raudt spøkelse. Formspråket der går att i bilete frå tidleg syttital der Torsheim som Nei-mann engasjerte seg gjennom å skape bilete ved bruk av sjablongar og sprayboks.
– Norge var spalta i to. Den eine trudde det ville føre lukt til helvete om den andre fekk viljen sin, seier Svendsen, og peiker på at dualismen toppar seg i 1973.
Ja-nei-veit ikkje går i stå, som to stangande kyr i hovudet, rød mot blå.
Eit bilete viser ein blå mann med flosshatt og ja i munnen, armen er heva i Hitler-helsing og handa gjer Ja-teikn mot dollarteiknet. Ei ja-nazi helsing mot pengemakta. Under armen ramlar pinnemenn utfor ein bratt kant. Ei nei-ku med miner stikkande ut av juret, ein kropp full av tannhjul og dollarteikn i halen ber tittelen «Eit vettugt naut», og igjen finn vi spor av Torsheim sine røter, i kua. Han vaks opp på gard, og er sterkt prega av hendingar og saker i samtida. Hans Soria Moria var ei kro i Sunnfjord.
Global undergang
Etterkvart vert det økologiske perspektivet i kunsten tydeleg. Ein kristusskikkelse ber til Gud, men gud seier «beklager». I bakgrunnen haglar rakettane og framfor dampar fabrikkpipene svart. På Høstutstillingen 1976 viser han biletet Ny generasjon. Fugleungane i reiret skrik på mor, og det kjem eit fly. Heisekranene har overteke for storken, og lyfter bussar av vegen. Torsheim lagar Kjernekraft med hendeleg uhell, og Halsbrann i uland. Han speglar samfunnet som blir meir merksamt på urettferda i fordelinga mellom fattige og rike land.

Odd Torsheim, syttitallet. Foto: Anne Viken
– Bileta har sterke dommedagspreg. Torsheim målar oljeplattformar, industrialisering og fråflytting frå bygda. Alt skjedde til tross for at folk sa nei til EF.
Terapi og kommunikasjon
På nittitalet dreier Torsheim mot sosiale og kulturelle forhold.
– Han fokuserer på at vi vert meir og meir hjelpelause, og veit ikkje korleis vi skal kommunisere, seier Svendsen.
Torsheim lagar biletet Sensitivt seminar og Mistanke om sexklubb i Sogn. Mistenkeleggjering av sex og åtferd er på tapeten. Vår herre og fanden tek handbak om verdsherredøme i Kampen held fram, og Døgnfluge illustrer idol og listetoppkulturen. Mange menneske begynte å gå til psykolog, derav Hunden til psykologen med knute på.
Utover totusentalet vert bileta enklare og meir emblemaktige.
– Hjarte, kråke og enkle symboler, seier Svendsen og viser til bilete som Raudgrøn politikk-syklist under blåskyer frå 2008 der Martin Kolberg syklar eit raudt og eit grønt hjul.
Det enkle og folkekjære kjem fram i emblemaktige verk som til dømes Drillo og fotball. Torsheim liker Drillo, ein klok mann i idrettens hav av tåkeprat. Torsheim liker ikkje tåkeprat. Det er kanskje difor han er så tydeleg.
Artikkelen er tidligere publisert i en kortere versjon i Klassekampen lørdag 2. november 2013.