Crispin Gurholt har markert seg med verk som tek form ein stad i mellom performance og installasjon. For ikkje lenge sidan satt han opp ein ny live photo-installasjon i Paris.

Crispin Gurholt og teamet like før opninga av ‘Live Photo Paris’. Foto: Sandie Carol Dougnac
Ei prostituert kvinne står på eit gatehjørna i rue Birague i Paris. Ho er sterkt sminka, og kledd sexy, på provoserande vis. Ho står heilt stille på sine høghæla svarte skinnstøvlettar og held om kragen på den grå, korte pels-kåpa si. Kvelden er kald. Kvinna sin vakre kropp er heilt urørleg, andletet hennar er uttrykkslaust, og kvilande, nærast dødt. Ho minnar om ei voksdukke i eit museum, men er eit levande menneske. Ho står og ventar og tida står stille. I denne stilla kjem livet fram i kvinna sitt blikk, det utstråler ei enorm kraft og raseri. Ei slags arrogant haldning, til trass for at hovudet vender litt nedover, som ein tyr klar til kamp.
Ved sidan av henne står ein dresskledd, kraftig mann som tek ut pengar i minibanken. Kanskje er det kvinna sine pengar. Like ved står ein Citroën C6, ein typisk fransk presidentbil. I bilen sit det ein dresskledd mann i 50-åra. Ein dominerande maktperson, med eigen sjåfør. Han ser ut vindauga, i motsett retninga av kvinna, ser ut i lufta, med eit sorgfyld blikk. Han ser einsam ut. Ein ung svartkledd transvestitt står ved bilen bak. Han ser ut som han var på veg til bilen før han vart «frosen» og alt stoppa opp. Alt er som stivna, utanom blikket hans, som utstråler noko likesælt, litt apatisk. Innerst i gatehjørna står ein mann, som ser ut til å vere kvinna sin hallik. Han står og vaktar, og blikket hans er vakent og hardt.

Kunstnaren (lengst til høgre) og teamet hans opnar opp installasjonen. Foto: Sandie Carol Dougnac
Makt, politikk, pengar og sex
Det er ein kald kveld i slutten av mars, og KUNSTforum er på Live Photo-installasjonen Paris, skapt av den norske billedkunstnaren Crispin Gurholt (f. 1965). I Live Photo Paris utforskar billedkunstnaren forholdet mellom makt, politikk, pengar og sex på ei scene som han har sett saman av modellar og rekvisittar i eit verkeleg miljø, som han så «frys» fast i sine handlingar. Eit tablå blir skapt og denne danner ei ramme for performancen/installasjonen, som så blir fotografert, filma og malt av kunstnaren. Såleis gjev han oss sitt bilete av mennesket og menneska i si samtid. Eit bilete som går innover mot menneskets subjektive personlegdom og utover mot eit objektivt samfunn, der mennesket inngår i meir eller mindre komplekse handlingsmønster med sine medmennesker.
Eit levande tablå i rue de Birague
I rue de Birague er Gurholt sitt levande tablå belyst som ei utandørs filmscene, og dekoren for installasjonen er eit vakkert bygg, tett på Place des Vosges, som er boligområdet for mange framståande politikarar og finansfolk. Performance-skodespelarane er nøye utvalde, og kunstnaren har eit team på 12 personar med seg, samt støtteaktørar som den norske ambassaden i Paris og det Svenska Instituttet i Paris, som vil vise kunstnarens Live Photo-videoarbeider seinare på kvelden.
Det vrimlar av folk rundt installasjonen i rue de Birague. Føre det frosne fortaus-tablået står tilskodarar tett og kikar inn på kunst-installasjonen gjennom plexiglas. Folk kjem syklande, kjørande på moped, bil, nokre joggar, trillar vogn, og dei stoppar opp og ser på Gurholt sitt levande tablå. Som tilskodar vert me ståande utantfor scena og sjå inn på installasjonen, der tida har stoppa opp, eller har blitt uendeleg.
Folk stiller spørsmål om kva som skjer, kven kunstnaren er, og dei klappar og jublar over denne norske samtidskunstnaren og over det krevande performancet, der skodespelarane stod urørlege, med same stemningsuttrykk i andletet i to kalde timar, med kun 5 minuttars pause på midten ein stad, for å strekkje på beina og varme hender og bringe.

I ‘Live Photo Paris’ konfronteres prostituert og sjåfør i rue de Birague, Paris. Aktørar: Angélique Cavaralli og Thierry Stein. Foto: Sandie Carol Dougnac
Entusiastiske tilskodarar
Kunstnaren står midt i gata føre verket sitt, som han seinare vil fotografere, filme og male. Han ser lykkeleg ut, er omkransa av kjæreste, familie, venner, galleristar, kuratorar, kunstsamlarar og folk som kjem tilfeldig forbi og stoppar opp og tek kunsten innover seg. Nokre har flydd inn til Paris frå Oslo, spesielt for å oppleve Live Photo i Paris. Det er Knut Forsberg (dagleg leiar av Blomqvist Kunsthandel) og Terje Aschim, (som arbeider med skipping), som begge har fylgd kunstnarens arbeide gjennom dei siste 15 åra, og kjøper inn kunsten hans privat. Forsberg uttrykkjer sin entusiasme for prosjektet:
– Det er ei veldig spennande setting. Aktørane er utruleg gode! Eg ser fram til å sjå fotografiet av dette. Crispin Gurholt gjer noko annleis, han står litt ut og resultatet er bra. På eit internasjonalt nivå.
Litt finurleg er det å tenkje på at Live Photo-kunstaren som inspireres av Munch, i dag blir kjøpt inn privat av Knut Forsberg i Blomqvist Kunsthandel, ein kunsthandel som har stild ut Munch 13 gonger.
Terje Aschim er også oppglødd over installasjons-arbeidet:
– Eg synest Crispin Gurholt er flink til å reflektere over vår tid, med tema som både er aktuelle og problematiske. Utruleg arbeid! Veldig bra casting. Mange detaljar og overblikk. Han har ideane og gjennomfører dei, seier Aschim, før han utbryter:
– Eg vil kjøpe det bildet!

Performance-skodespelaren Pascal Duhamel reprenterar den politiske og kapitalistiske makta i installasjonen medan Arnaud Zahra er ein ung gut/transvestitt. Foto: Sandie Carol Dougnac
Angélique Cavallari kjem smilande bort til oss. Ho er ein av aktørane og spelar den prostituerte i Live Photo Paris-installasjonen. Ho fortel engasjert om si oppleving av performancen:
– Crispin var oppteken av at den prostituerte kvinna skulle vere dominerande i si handling og rolle, resten tenkte eg meg til sjølv for å gå inn i rolla. Det var opp til meg å gje energien og tilstanden til personen gjennom ein bruk av kardinale energipunkt i kroppen min, og det krevde stor konsentrasjon for å halde den same stillinga og haldninga i kroppen og i blikket gjennom to timar.
Det kan verke som om blikket er inngongsportalen til Crispin Gurholts kunstverd, og at aktørane gjennom å fokusere blikket i ein gitt stemming over lang tid, kjem inn i ein transe-liknande tilstand.
– Eg hadde ei unik oppleving som aktør, ei slags catharsis! Crispin let oss få oppleve ei catharsis, der ein forstår den verkelege menneskelege krisa. Catharsisen kjem med tida og denne urølegheita ein går inn i som skodespelar er veldig intim og gjev nye visjonar. Dører inn mot det mystiske opnar seg, ei utvikling av ånda skjer, inn til eit universelt medvit, fortel Cavallari.

Etter mange timar halder dei stadig på. Foto: Sandie Carol Dougnac
Skapinga av den frosne augeblinken
Kunstnaren inviterer så alle tilskodarane til å sjå eit utval av hans tidlegare Live Photo-verk som videoarbeider på Det Svenska Institutet i Paris, som ligg like ved. Han viser her eit utval av sine i alt 23 Live Photo-arbeider (Vigeland, Ekeberg, Venezia, Working for the limo, Stand 120 Berlin, Roma), der kunstnaren sitt kamera glir frå eit overblikk av det levande, installerte motivet og inn mot blikket til ein av personane i motivet, for så å gli roleg ut i eit nytt overblikk frå ein annan vinkel, og så inn mot ein annan person sitt blikk. Andleta er også her som frosne, noko som opnar opp for blikket, der alt liv verka samla.
Blikka til personane ser bort frå kamera, litt på skrå ut i det fjerne. Dei kan verke rasande, triste, melankolske, fjerne, draumande, og det slår ein at personane, som ser ut til å samhandle i ulike samfunns- og kultur-kontekstar, aldri møter blikket til dei andre i det levande motivet. Det er eit blikk som ikkje ser den andre. Og som kan hende av og til ikkje ser seg sjølv. I Live Photo Paris kommenterar kunstnaren ein identitetskonflikt, der personane som samfunnsindivid er bærarar av masker og roller, eit dobbeltmoralspel med relasjoner mellom politiske og kriminelle miljø og med ei skjult seksuell lyst.
Gurholt fortel at han arbeider samtidskommenterande samtidig som han prøver å seie noko objektivt og universelt.
– Eg prøver å lage ein augeblink på den plassen eg er. Eg prøver å seie at det perfekte augeblink ikkje eksisterar, at ein augeblink har mange historiar, at eit minne har mange uttrykk. Sanninga ligg i den historien som tilskodaren ser, og det skapes ei historie hjå tilskodaren som eg ikkje lenger har kontrollen over.
Den frosne augneblinken i Live Photo videoane blir forsterkja gjennom bruken av lyd. Gurholt har samarbeida med musikaren Kurt Vildgren for å finne den frosne eller den strekte augeblinken sin lyd.
– Me var på leit etter ein lyd som finst ein stad mellom ein biologisk, indre kroppslyd, som summing i hovudet eller i øyrene og ein materiell lyd, som den ein kan finne i eit ventilasjonsanlegg, i bylarm eller i ein trafikkdur. Ein lyd som har i seg det menneskelege, det samfunnsmessige og det kulturelle, og som vil vekkje det emosjonelle, nære, kroppslege såvel som det intellektuelle, forklarar Gurholt.

‘Live Photo Paris’ går mot slutten. Foto: Sandie Carol Dougnac
Hypnotisk lyd
Tilstades på filmvisninga var Irena Bilitch, serbisk filmskapar og leiar av kunstfilmfestivalen l’Europe autour de l’Europe, og hennar vennine Branislava Stefanovic, lydforskar i Serbia. Begge uttrykkjer fasinasjon over kunstnarens videofilmar.
– Eg er positivt overraska! Arbeidet til Crispin Gurholt er eit verk. Me står her foran ein kunstnar med integritet, med eit affirmert univers. Og dette er berre ein del av hans arbeider. I Live Photo Paris viser kunstnaren oss multiplisiteten i eit postmoderne liv, i ein europeisk by som Paris, seier Bilitch entusiastisk.
Stefanovis framhevar ei hypnotisk kraft i filmane:
– Lyden i filmen gjev heile ideen for filmen abstrakt form, der kroppane i realistiske situasjonar eksisterar gjennom stilla og lyden. Det er noko hypnotisk over filmen, ei hypnotisk kraft som blir driven fram av lyden, som er djup, repeterande, med same jevne rytme, som i moderne transe. Inga stille. Og folk som er inne i hypnose kan påverkast, er opne for informasjon, for press. Personane i filmen smiler aldri, er som hjernevaska, hypnotiserte, stille. Dei ser bekymra og forvirra ut.

Crispin Gurholt foran dekoren til installasjonen, i rue de Birague. Foto: Sandie Carol Dougnac
Etter filmvisinga samles folk i ein kubansk café for å feire Live Photo Paris og for å hylle kunstnaren og teamet hans over nokre glas sangria. Crispin Gurholt er inne i ein strålande augeblink, der han prater i veg med familien og teamet sitt. Han omfavnar kuratoren sin Jean-Marc Avrilla og takkar for samarbeidet. Dei kommenterar kveldens høgdepunkter, ler og drikk litt meir sangria. Marianne Lanavère, som er direktør for Centre international d’art et du paysage, har invitert kunstnaren til å stille ut på samtidsmuseet sitt, som ligg midt i Frankrike, inne i eit isolert skogholt på øya l’île de Vassivière. Ein stad som straks inspirerar Gurholt, som vert entusiastisk og lever seg inn i sitt nye levande tablå.
– Sjå for deg natta i skogholtet, på denne isolerte øya, under fullmånen!
Crispin Gurholt har allereie gått inn i eit nytt Live Photo motiv, og gleda over det som var byttes ut med gleda av det som skal bli. No er det natta som skal frysast, om det berre er for ein augeblink.
Crispin Gurholt representeres av Galleri K, Oslo
www.transparent.nu