Det kunstnerstyrte universet

KUNSTforum #4 2015 er i bladhyllene, og vi slipper lederen ført i pennen av bladets nye redaktør Rasmus Hungnes.

Kazachenko's Apartment, Oslo

Kazachenko’s Apartment, Oslo

Det går på skinner. Livet er ei berg og dalbane, du må berre sitte på, som Ronan Keating sang i år 2000. Slike togbanemetaforer impliserer faste spor. Den kunstnarstyrte delen av kunstfeltet er «hands on», med hender på rattet, grep om styrestikka. Eit farty kan styrast over perforerte Vestlandsveger, på ulendt terreng utanfor allfarveg og på bøljan den blå, somme tider på blikkstille vatn, stundom i ruskever. Turbulens kan oppstå.

I høve at grepet om det redaksjonelle roret har blitt tatt over av ein kunstnar, og bladet dermed blir kunstnarstyrt, passar det godt å vie dette nummeret til eit dykk inn i det kunstnarstyrte feltet – dette svært vitale og variasjonsrike segmentet av kunstosfæren, som kan seiast å vere grobotnen, sjølve jordsmonnet for det øvrige kunstfeltet. Det institusjonelle ville ikkje vore det same utan.

Nokre tar omgrepet «lavterskel» i sin munn når dei talar om kunstnardrive tiltak. Dette er eit uheldig ordval, for i tillegg til dei assosiasjonane som peikar mot eit lavt kvalitetsnivå, skapast eit inntrykk av at det er enkelt å få stille ut på slike stader. I røynda tar alle kunstnardrive initiativ med respekt for seg sjølv – prosjektrom, nomadiske tiltak og publikasjonar, i virtuell eller fysisk form – den kuratoriske prosessen på alvor, det vere seg gjennom å koke i hop kreative utstillingskonsept, eller ved å gi rett kunstnar riktig form for fridom. Sidan organisatorane av kunstnarstyrte initiativ er kunstnarar sjølv – meir eller mindre aktive – deler dei gjerne i det minste eit minste felles multiplum av erfaring med kreative prosessar. Difor kan dei navigere samtidskunstmiljøet på ein ytande og frimodig måte, på anna vis enn mange kunsthistorikarar kan.

Ofte viser sluttresultatet på slike visningsrom seg å vere vel så interessant som det som går føre seg på den mest velfinansierte institusjon. Den sedvanlege oppfatninga om at ein kunstnar sine krumspring på det kunstnarstyrte eller sjølvorganiserte nivået av kunsthierarkiet utgjer eit karrieremessig mellomstadium medan ein freistar å klatre, «opp» til institusjonsnivået eller ventar på å bli «oppdaga» av eit kommersielt galleri, er ein illusjon. Fridomen som finst på mange slike stader – for kunstnarstyrte visningsrom styrer ofte heller lite med den kunstnariske prosessen – er av enorm verdi i seg sjølv.

Sjølvsagt skulle vi gjerne ha dekka meir – mykje meir – enn det det er plass til i dette bladet, men innhaldet vi har fått plass til gir forhåpentlegvis eit inntrykk av potensialet som ligg i fenomenet, og syner at det kunstnarstyrte inkluderer meir enn det å drive eit galleri. Vi får eit innblikk i to kunstnarinitierte lesegrupper, den eine basert i Oslo, den andre i Berlin. Vi reiser på motorsykkelbrudeferd i Vietnam for å undersøkje korleis føresetnadane for det kunstnarstyrte ser ut der. Vi flyr til Budapest for å sjå kor fritt byen sitt frie felt kjenner seg. Berlin Project Space Festival byr på eit vell av kreative kuratoriske konsept, og vi får høyre om nokre av dei mest spanande frå utgåven av året. Gabriel Johann Kvendseth gir eit generøst innblikk i korleis ein kunstnar held styr på sine idéar ved å sende SMS til seg sjølv. Vi studerer det sjølvorganiserte feltet sin oppstart i Düsseldorf anno 1829, og dei historiske linene derfrå til dagens kunstnarstyrte institusjonar i Noreg. Vi observerer at eire av årets avgangsstudentar – på kunstakademia i Oslo og København – tok styring på lesinga av sine verk i institusjonell samanheng ved hjelp av snedig tekstbruk. Tommy Olsson tenkjer tilbake og fortel om tre bølgjer av kunstnerstyring i Noreg, frå 1991 fram til i dag. Vi snakkar med fire tidlegare kunstnarstyrarar om kvifor dei starta og avslutta sine visningsrom, og med fire som driv visningsrom i dag – i tillegg til med Morten Kvamme, som har gått frå å jobbe i den etablerte institusjonen til å bli sjølvorganisert.

I likskap med Kvamme, har brorparten av bidragsytarane i dette nummeret vore involvert i driftinga av eit kunstnardrive initiativ av ein eller annan sort: Inger Wold Lund var ei av organisatorane av Percival Space i Oslo, og Nora Joung er for tida involvert i drifta av Åpent Forum, ein foredragsserie på Kunstnernes Hus. Tarald Wassvik dreiv prosjektrommet Premiss i Bergen i samarbeid med underteikna frå seint i 2010 til midten av 2012, og sjølv har eg òg co-kuratert utstillingar i snåle rom med Ellen Ringstad. Kunstnar Tommy Olsson kuraterer rett som det er gruppeutstillingar her og der, og Heiko Pfreundt er ein av kunstnar-kuratorane bak Kreuzberg Pavillon i Berlin, som diskar opp med ei ny utstilling kvar laurdagskveld. Håkon Holm-Olsen er styremedlem i kunstnarkollektivet BLOKK, som òg driv eit visningsrom sine lokalar i Bergen.

Holm-Olsens teikneserie, som du allereie har bladd forbi, leverer to dystre punchlines: Vi ser ein paranoid kunstnar sitt behov for styring og kontroll over kunst og publikum, før gapet som ofte kan oppstå mellom idé og det som let seg gjennomføre i røynda – på grunn av stramme økonomiske føresetnader, stort sett – blir synleggjort. Å operere under økonomisk press kan vere ei nyttig øving, men det er gjerne trass alt grenser for kor lenge ein orkar å bu ulovleg på ein sliten sovesofa i ei iskald brannfelle av eit lokale, konstant paranoid for at skjenkekontrollen skal bøtleggje baren du fyller med alkoholhaldig drykk til kvar opningsfest, utan skjenkeløyve. Denne typen tiltak må ofte til for å klare å få til ting i ein overprisa marknad – naud lærer naken kvinne å spinne, og det er imponerande kva kunstnarar får til når dei styrer med ymis tiltak og diverse initiativ.

Forhåpentlegvis kjem denne blekka til å vekkje eventyrlyst hos lesaren, og kan hende til og med inspirere til start av nye tiltak – i ny eller allereie eksisterande infrastruktur.

Din kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Du kan bruke følgende HTML-koder: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*