Årets første nummer av KUNSTforum er ute. Temaet denne gang er urbanitet.

Thomas Bo Østergaard, Center for metropolstudier, 2016.
Manga- og animesoga Blam! (skapt av den arkitektutdanna japanaren Tsutomu Nihei) går føre seg i ein gigantisk struktur kalla «The City». Dette megalomane byggjeprosjektet, som har ein omkrins minst på storleik med Jupiters bane, blei starta på Jorda for å huse ein aukande populasjon. Strukturen nådde etter kvart Månen, Fru Luna blei bygd inn i komplekset, osv. Ingen har snøring på kor gamal «The City» eigentleg er, men det er i det minste tale om 3 000 år. Menneskeheita har for lengst missa koplinga til nettverket som styrer byutviklingsmaskineriet, som jobbar på spreng med å utvide seg sjølv i alskens dimensjonar i tillegg til å utslette dei stakkars menneska som fortsatt er i live. Ikkje av di maskinene er vonde, dei følgjer ganske enkelt sikkerheitsprotokollar som har fått uføresette kataklysmiske konsekvensar.
Dataspelet Tokyo Jungle går på si side føre seg i eit Tokyo post ei uviss katastrofe som allereie har utsletta menneskeheita. No er det berre kjæledyr, dyrehagedyr, dinosaurar, robothundar og andre urbane animalismar att, og det er desse spelaren tar kontroll over i eit hektisk strev for å overleve i storbyen sine vegetasjonsbefesta, radioaktive ruinar, planteetar og rovdyr likeeins.
Desse dystre visjonane om den dehumaniserte storbyen kjem frå eit land med 12 millionbyar og 23 byar med større folketal enn Oslo. Men korleis taklar det kreative sinnet emnet urbanitet her i Norden, der den største byen, Stockholm, enno ikkje har nådd ein million innbyggjarar?
Det finske dataspelstudioet Colossal Order gav ut bybyggjarsimulatoren Cities: Skylines gjennom den svenske distributøren Paradox Interactive i 2015. Det blei ein storstila suksess. Ein kvart million eksemplar blei selt i løpet av det første døgnet, og det passerte 3,5 millionar kjøpte kopiar for eit års tid sidan.

Gard Aukrust, Uten tittel, 2017.
Appellen ser ut til å vere mogelegheita til å byggje sin eigen draumeby. Den bannande britiske youtubearen Worth A Buy fortel til dømes at han har lokalisert industriområdet i burgen sin nær elva for å få bukt med alle endene og svanene. Han sette sjølv sine eigne hus oppå Bellend View, ein isolert, men likevel sentralt plassert herregård på nuten av ei penisforma vegbane, der det er lov å røyke cannabis og skattenivået er lågt. Dei arbeidsledige og andre usle, pyjamaskledde latsabbar er forvist i ein grå, forureina, veggdyrin sert bydel. Ein klasseskiljefantasi som denne er kan hende ikkje det ein vil skal styre byplanleggjinga der ein held til, men i følgje speldesignar i Collossal Order Karolina Korppoo, brukast faktisk Cities: Skylines som skisseverkty for å teste ymis byutviklingselement. Ho hevdar at simulasjonen er presis nok til at han til dømes kan brukast til å undersøkje om nye køyremønster vil utgjere ein forskjell, eller til å prototype nye idear om miljøvenleg byutforming.
Byen Hameenlinna i Finland lanserte t.d. ein konkurranse i 2016. Dei som ville delta, kunne laste ned ein digital versjon av byen og lage forslag til korleis ein ny bydel kunne utformast ved hjelp av Cities: Skylines.
Hovudpremien var billettar til ein Iron Maiden-konsert i same del av byen – nærast ein kulturell klisjé, men konkurransen i seg sjølv er eit godt døme på såkalla crowdsourcing av idear og kreativ politisk tenking.
Infrastruktur som vegbaner og kloakk til sides: Urbanisten Charles Montgomery seier at den lukkelege byen er ein sosial by, og i den tilkopla verda er det merkeleg nok fort gjort å kjenne seg fråkopla. At kunst er eit urbant fenomen er ein floskel, men heilt sidan sjamanistiske visjonar og handkonturar blei malt på paleolittiske holeveggar, har kunst og denslags vore tufta på eit ønske om å kommunisere – eit sosialt fenomen. Ved sidan av eit fråvær av naturkatastrofar, manglar Cities: Skylines mogelegheita til å byggje ei kunstscene, så vi lyt nok fortsetje å drive og legge til rette for kreativ verksemd i tettbygde strøk i røynda.