Margrethe Kolstad Brekke si utstilling tek føre seg klimautfordringane, men ikkje på ein måte ein kanskje hadde venta.
Ved å vera så tydeleg insisterande i tematikken, skil tekstilkunstnaren Margrethe Kolstad Brekke seg ut frå mykje anna i programmet til Hordaland kunstsenter. At kunsten hennar er kortreist, understrekar klimatematikken i arbeida hennar. Etter å ha lest litt på nettet på førehand, hadde eg sett for meg at gallerirommet påHordaland kunstsenter skulle vera fylt opp av ein eller fleire svære flygemaskinar i tøy som tok så mykje plass at mennesket nesten ikkje fekk plass – på same måte som klimaproblema blir for store til å fatte, eller gripe fatt i.
Malinga som renn vekk mellom fingrane
Utstillinga består likevel av noko heilt anna enn enorme flygemaskinar. På veg inn i gallerirommet ser eg først ein akvarell av tre lykkelege frittgåande småfly i svev over blå himmel. Inne i sjølve rommet heng tre segl-liknande tekstilmåleri loddrett frå taket. Litt mindre synlege er to videoarbeid med opplesing av klimatekstar, og fleire akrylmåleri som dukkar opp når eg går inn mellom tekstilane som heng frå taket. Det er dei tre store tekstilarbeida som dominerer rommet. Ein dominans som vel definerer at det er hit fokuset skal rettast. Fargane i tekstilmåleria minner om batikk frå 60-talet, og understrekar kanskje ei slags optimisme i trua på ei betre verd. På den eine tekstilen er det mala ulike symbol. Somme kjenner eg att som, eller tolkar som, ulike energi-symbol for batteri, straum, flammer, vindkraft, og noko som kanskje kan vera Arkimedes si skrue. Dei to andre tekstilarbeida er meir abstraherte, og fokuserer på sirkelen og andre geometriske former
Kanskje det er fargane som gjer det. Eller kanskje er det noko med malinga eller fargeintensiteten, som får meg til å undre meg over kor miljøskadelege desse fargepigmenta er. Eg tenkjer på tekstilindustrien, på utsleppa i elvane. Så blir eg òg veldig oppteken av materialvalet i maleria. Er det verkeleg akryl? Dei som jobbar i Hordaland kunstsenter bekreftar spørsmålet. Eg hadde ikkje forventa at ei utstilling med fokus på klimautfordringar skal innehalde akrylmåling, sidan den er laga av plast frå oljeindustrien. Tekstilfarge derimot veit eg ingenting om. Eg veit ikkje om fargane på tøystykka er så giftige som dei ser ut til. For meg er material meiningsbærande, på ein anna måte enn ord. Materialiteten og fargane blir ein vesentleg del av innhaldet, av det visuelle språket ein har valgt å komunisere med. På ein anna måte enn bokstavane i sidene i ei bok. Difor kan ulike material leggje til fleire lag, rom for tolking, og understreke det ein vil sei. I andre høve, kan materialet undergrave innhaldet, eller totalt motsei det.
Orda som renn vekk mellom fingrane
I handa har eg ein tynn katalog, gitt ut i forbindelse med utstillinga. Plasten i det glinsande omslaget er sveitt mot handa.
I katalogen finn ein tekstane som blir lest opp i dei to videoverka i utstillinga. Når ein verkeleg vil noko, blir det somme gonge flesk på flesk med smør på. Berre for å vera sikker på at publikum får det med seg. Fordi det er viktig. Men her er det noko eg ikkje heilt klarar gripe tak i. Noko som forsvinn mellom linjene i insisteringa. Noko med samanhengen mellom innhaldet og det å produsere kunst i materialar som har ei miljøbelastande produksjon, og som det mest sannsynleg tek svært lang tid å bryte ned. Tekstilindustrien er, så vidt eg veit, ikkje så flinke til å finne opp nye, bærekraftige kjemikaliar for farging av tøy. Eg undrar meg difor over korleis kunstnaren her er engasjert i si eiga materialbruk. Fordi dette er noko eg ofte slit med sjølv: det dårlege samvitet over å produsere fysiske objekt. For det er vel, tross alt, vår raske omdanning av materie som er ein av hovudårsakene til at mennesket er farleg for dei sameksisterande artane, økosystema på jorda og for oss sjølv?
Kan me ikkje heller diskutere tekstilindustrien?
Utfordring og fasit
Utstillingsteksten på nettet tek for seg ulike utfordringar og myter kring klimautfordringane. Her kjem det òg klare svar på korleis ein skal løyse utfordringane. Og eg kjenner at eg ikkje heng med på logikken, fordi mine svar er så ulike frå det eg les. I teksten står det blant anna dette: «Utfordring: Fokus må rettes mot strukturelle løysingar, ikkje individuelle.» Slik eg ser det, er det lite politikarar kan gjera i eit fleirtallsdiktatur. Politikarar som er vald av folket, er òg tvunge til å handle på vegne av folket. Det betyr at individet kan endre strukturane, men strukturane kan ikkje tvinge individet til endring. Kanskje auking av bompengar og fleire bomringar på sikt kunne ført til redusert biltrafikk, betre kollektivtilbod og betre luft? Og her dukkar det opp eit konkret døme på korleis politikarane snur seg etter vinden: Det viktigaste er faktisk ikkje å gjere verda til ein betre plass, men å få nok veljarar. Brått viser dei vaksne at det finnst vilje til handling likevel. Så lenge ein sak opplevs som viktig, står dei opp for seg. Difor ser det ut til at all politisk aktivitet i fleire norske byar er fokusert kring bompengar. Som om det var ei menneskerett å køyre bil. Som om dei vaksne ikkje tek sine barn, eller jorda eller framtida på alvor, men berre tenkjer her og no. Kanskje bør me alle stille spørsmål ved kva me vektlegg når me går til val. Det å ha stemmerett, handlar ikkje berre om å kunne få fleire godar ut av samfunnet. Det er eit stort ansvar som går lengre enn vår eiga levetid. Fordi vala ein tek, kan faktisk få store konsekvensar for komande generasjonar.
Forbrukaren har meir makt enn den som sit på toppen og «bestemmer». Sluttar folk å kjøpe nye ting med mindre ein faktisk treng det, vil det endre metodane hjå produsentane. Sluttar folk å bruke plastproduktar og reise med fly, vil det gå ut over oljeindustrien. Kjøper ein dyrare, kortreiste klede og tekstilar, vil ikkje utnyttinga av fabrikkarbeidarar i fattige land kunne halde fram, og det vil bli mindre utslepp om produksjonen flyttar til land med restriksjonar på utslepp. Men, det er ikkje dette utstillinga handlar om. Dette er det eg får lyst til å sei til kunstnaren. Fordi i motsetnad til Brekke, tenkjer eg at enkeltindividet har det største ansvaret, og at politikken og systema endrar seg etter press frå forbrukarane, og oss som har stemmerett.
Når eg blir stor skal eg endre verda
Tilbake i utstillinga verkar arbeida optimistiske. Men i røtene av mine innvolar kjennes det ut som ei flukt frå realitetane, og eg deler ikkje optimismen. Eg kjenner meg meir heime i korleis kunstnaren Mark Dion snakkar om klimaet i eit intervju på youtube (Youtube: Mark Dion: Krypto-Zoologist). Han seier at det mest sannsynleg ikkje er så mange unge som er opptekne av å jobbe med klimakrisa i kunsten. Fordi unge vil jobbe med problemstillingar kor det går an å sjå endringar, som til dømes feminisme. Det er svært få positive historier når det gjeld klima. Det blir berre verre, og det er inga grunn til optimisme. Samstundes er det nesten litt tabu å vera pessimist seier han. Han kallar det ein påtvinga illusjon, og at berre ei radikalt endring i vår tankesett kan endre kursen av den suicidale måten å behandle kloden. Klimaendringane har alt gått for langt. Det er nokre år sidan dette intervjuet. Etter den tid har det blitt veldig «hot» å jobbe med klima. Eg trur òg som Dion, at det er for seint å snu, og eg deler ikkje Brekke si optimisme kring strukturelle endringar. Eg trur at berre enkeltindividet kan skape endring. Om alle er med.
Kan me ikkje berre lære oss å stå litt meir i ro?
Uansett om Brekke og eg er usamde om dei store linjene i endringane, og kor ansvaret for endringar ligg, så er det ingenting som gler meg meir enn at galleria slepp til kunstnarar som faktisk vil noko. Kanskje er den tilsynelatande tankelause bruken av plast i katalogomslaget, plastmaling og andre miljøskadelege produkt i utstillinga, eit statement. For slik kan ein gjera med godt samvit, om ikkje ansvaret ligg hjå enkeltindividet.
Utstillingen Potential Exceeds the Demandav Margrethe Kolstad Brekke vises på Hordaland kunstsenter frem til 28. juli 2019.