Åndelige åndsverk

Kunstforum 1/2016 er nå ute, og i den anledning slipper vi lederen på nett. 

Pust djupt inn.
Tell til fire medan du inhalerer, fyll opp lungene.
Tell til fire medan du held lufta inne.
Pust sakte ut medan du tellar til fire.
Fortsett å puste. For kvar inhalering blir du meir avslappa.

Paul Laffoley, Astrological Ouroboros, 1965. ©Kent Fine Art, New York.

Paul Laffoley, Astrological Ouroboros, 1965. ©Kent Fine Art, New York.

I Håkon Holm Olsens «teikneserieteaser» i Kunstforum 1/2016, har ein av Kasimir Malevitsj sine suprematist-komposisjonar blitt til ein romstasjon, sportsmennene til astronautar og hans Black squares er monitorar på romstasjonen. Planetene er af Klint, Kandinskij sine abstrakte flekker har blitt til planetar og ukjende livsformar. Dei tre abstraksjonspionérane er agentar i tid og rom, og hentar dei esoteriske motiva sine frå hemmelige oppdrag.

I denne utgåva løftar vi fram kunstnarar – både samtidige og historiske – som har ein åndeleg praksis, der vi undersøkjer korleis dei uttrykker, eller lar vere å uttrykke dette gjennom sin kunst. I Lina Launhardts tekst, der ho ser på samanhengen mellom Hilma af Klint, C. G. Jung og André Bretons indre arbeid, lærer vi at dei tidlige såkalla abstraksjonistane, som lefla med både den eine og andre esoteriske åndelege praksisen, streba «mot representasjonen av ikke-synlige, sammenhengende ‘strukturer’ som er del av den synlige verden».

Den nyleg avdøydde visjonæren Paul Laffoley deltek med sine dimensjonstranscenderande mandala-diagram på både den eine og andre utstillinga, og art brut, outsider art og visjonær kunst mottek stadig meir interesse frå kunstverda si innside. Fleire av kunstnarane Wenche Søreide Rudi fortel om kan kategoriserast slik, og er med på aktuelle utstillingar nett no: Besant og Leadbeater tek del med sine Thought-Forms i Cosa Mentale: Imaginaries of telepathy of the 20th-century art på Centre Pompidou i Paris; su sten Ivan Aguéli er aktuell på Moderna Museet i Stockholm, i duo med Paul Klee; okkultisten Aleister Crowley tek del i gruppeutstillinga Language of the Birds: Occult and Art på 80WSE i New York, som vi har intervjua kuratoren for – ei praktiserande heks.

Den åndelege oppvakninga har å gjere med Internett og auka tilgang til alternative informasjonskjelder å gjere, seier Josefine Lyche i mitt intervju. Kan hende er det likeeins grunna Internett og auka informasjonstettleik at moderne menneske søker mot åndeleg praksis og meditasjon – av di det er naudsynt, kan hende treng vi pusterom, høve til å kople frå i ein kvardag der ein må vere online, hashtag online, aldri offline, som Mathea-Mari song i sitt bidrag til Melodi Grand Prix Jr i 2014 – eller fordi verda, som Tommy Olsson seier, «for øyeblikket går gjennom noen kataklysmiske bevegelser, i en grad de fleste av oss ikke har sett i vår livstid».

Gode musikalske vibrasjonar kan du lese om i Erlend Hammers tekst om kunstnerparet La Monte Young og Marian Zazeela, og både Antonio Gaudí og eks-spelutviklaren Tale of Tales byggjer katedral.

Martin Palmer har dessutan undersøkt kva BONO, Piratpartiet og to kunstnarar synest om nylige rørsler – og mangel på endring – i opphavsrettsloven, og kva dei gjer for eller mot produksjonen og vidareutviklinga av kreative åndsverk.

Pust.

Din kommentar

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Du kan bruke følgende HTML-koder: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*